Zvezda VVS er eit kvite­russisk fotballag frå Minsk. Laget vart grunna i 1934 som Dinamo Minsk, men skifta i 1984 namn til Zvezda Minsk. I 1993 tok dei namnet Zvezda-NIDA Minsk, men i 2006 endra dei namn til det noverande. Zvezda VVS spelar heimekampane sine på Darida stadion.